Fyrst av alt vil eg ynskja deg som lesar velkomen til NYHENDE.NET. NYHENDE.NET blei starta i April/Mai 2007. Dette er eigentleg ein blogg, men eg vil heller kalle det for ein avisblogg.


AVISBLOGG: Kvifor vil eg kalle dette for ein avisblogg?

Noko som eg har byrja å mislika med mediene her i Noreg, og resten av verda, er at dei så lett gjer slepp på ting som for eksempel politikarar seier o.l. Det er ikkje alltid eg er enig med måten media vinklar saker. Derfor lager eg ein avisblogg som både er objektiv, men også subjektiv. Det skal vera lett å sjå forskjellen. Nyheitene blir objektive, men viss eg har ein kommentar til saken, så vil eg blogge dette.


Eit anna formål med denne sida, er å få samla dei viktigaste nyheitene, innanfor dei fleste kategoriane, på ei sida. Så i staden for å gå innom mange store sider som VG, Dagbladet, Nettavisen, Dagens Næringsliv, ITavisen osv. så kan ein gå innom denne og få alle dei viktigaste nyheitene. Ein av grunnane til at eg vil samla nyheitene på denne måten, er at mange av desse sidene er stappa med reklamer og anna vås. Dei blir fort tunge å lasta ner, og er nokså uoversiktelege. Denne sida vil ha ei litt annleis forside. Eg har ikkje direkte noko imot reklame. Men når den ligg i vegen for det ein skal lesa, så blir det litt overdrevet. Andre ting som eg mislikar med nettaviser er at med ei gong ein artikkel forsvinn frå framsida, så er det mesten umogleg å finna den igjen. Vårt nyheitsarkiv, trur eg, blir noko lettare å finna fram i.


Denne sida er laga med iWeb. Det gjer begrensningar, men også muligheiter. Eg vil prøva å utnytta muligheitene. Ein av dei er RSS som lar deg få sjå alle artiklane, pluss litt av artikkelen på relativt kort tid. Dette er glimrande for folk som vil ha nyheitene raskt. Men den beste delen med det er nok at ein kan bruke det, som eit ledd, for å lesa NYHENDE.NET rett i Dashboard (på Mac). Eg har allereie ein widget klar. For Windows-brukarar, så er det fritt fram for å laga ein gadget som kan gjera det same.


Eg vil gjerne snakka litt om forsida til NYHENDE.NET. Den blir litt annleis enn kva ein finn ellers på andre nettaviser. Den er ganske fri og enkel. Ei så fleksibel framside gjer at ei sak kan bli fulgt og oppdatert slik at lesaren kan sjå det. Sjølvsagt har ikkje eg så god tid at eg kan oppdatera sia så ofte som VG gjer i løpet av eit døgn, men så er mange av oppdateringane på slike nettaviser ganske så unødvendige også.


Eg håper folk vil like denne sida, og eg ber om tilbakemeldingar.



Mvh

Nyhende.net's redaktør.

Om NYHENDE.NET

UTANRIKS