Ein av våre nye postar framover blir vitsekveldar, der vi sender frå ein lokal pub i Eikelandsosen. Denne har vi stor tru på, då den er ein kombinasjon av radio og sosial samankomst i Fusa. Vi håpar at mange stikk innom då og vil dele sine vitsar, så vi slepp å fortelje alle sjølv.
For å få stemninga endå meir i taket kjem vi til å ha eit husband der, som no og då kan bryte opp stemninga med passande betraktningar frå ein krok på puben. Her er ein småskeiv melodi som blei festa til tape rundt stengjetid då vi besøkte puben no nyleg.