Ventepods? For eit uvanleg ord då! Men det var det vi fann opp som namn på dette vi òg skal byrje med no: Små opptak. Ventetida mellom sendingane kan nemleg bli lang, og for å gjere den mindre, byrjar vi altså no med å leggje ut ventepods. Dette kan til dømes vere opptak frå redaksjonen medan vi jobbar, sketsjar og sjølvkomponert musikk. Dermed blir det oftare noko nytt å høyre frå oss her i radioen. Desse ventepodsa blir fjerna etterkvart som nye sendingar blir lagd ut, så dersom du ønskjer å ha dei må du laste dei ned medan dei ligg på sida.