Vi held no på å lage 10. sending, og der vil vi snakke om Fusa nettradio si framtid: Skal vi halde fram med å sende i form av podkastar som i dag, gå over til radioprogram med musikk og faste sendetider eller begge delar? I den forbindelse vil vi gjerne høyre di meining. Kva meinar du? Og kva passar deg best om du fekk bestemme? Send oss i så fall nokre ord om det på e-post. Men ver kjapp dersom du vil ha den med i sendinga, for vi spelar inn i skrivande stund.