Ja, fyrst haldt Fusa nettradio-redaksjonen til i Oslo, så litt i Trondheim, men: No er vi altså i Bergen, og har studio MYKJE nærare kommunen vi dekkjer enn vi nokon gong har hatt. Dermed blir òg ein god del ting enklare for oss, som å besøke Fusa kommune oftare, få med oss meir av det som skjer av nye ting der og halde kontakta med dei lokale distriktskontora vi no skal starte opp både her og der i Fusa.
Så endeleg skjer det ting att, og det var på tide, for no er det eit langt år sidan forrige skikkelege sending. Vi må vel innrømme at vi rett og slett har hatt ei sendepause, men eigentleg var den bevisst. Som ei lang kunstpause, der vi trakk pusten og venta på svar frå deg som lyttar på. For vi annonserte for eitt år sidan at vi vurderte å gå over frå podkasting til direktesendt radio, og at vi gjerne ville høyre kva de lyttarar synes var best. Ja, faktisk var planen vår at vi ville la lyttarane våre avgjere det, slik at om vi hadde fått inn flest e-postar med ønskje om direkteradio, så hadde vi valt det. Men det kom ikkje inn nokon ønskjer i det heile, så då tek vi det som eit teikn på at vi skal forsetje med podkasting. Eller: Då tek vi oss friheita til å velje sjølv, og sidan vi her i redaksjonen likar både podkasting og direkteradio, vil vi no prøve å få til det beste frå begge alternativa. Og kva blir det då? Jau, livepodkasting! Det betyr ikkje at podkastane blir sendt live som eit radioprogram med fast sendetid. De kan framleis høyre på dei når de sjølv vil og laste dei ned til datamaskin og Mp3-spelar. Akkurat som før med andre ord. Med livepodkasting meinar vi her berre at vi vil prøve å få det til å høyres meir ut som eit direktesendt radioprogram, med den spontaniteten og alt det uventa (eventuelt alle feila) som kan oppstå der og då, i staden for å finpusse så mykje på podkastane. Denne nye vrien trur vi vil gjere det heile meir underhaldande å lytte til.