Søndag 24. juni 2007 har Fusa nettradio 1. års jubileum. Fram til då vil vi fortsetje som no, ved å sende i form av podkastar (litt oftare enn det vi har gjort til no). Men vi har fått ein ny idé som vi vurderar sterkt å gjere bruk av: Nemleg å gå over til å sende direkteradio over nettet! Dermed blir vi meir som ein vanleg radio, med alle dei moglegheitane som direktesendt radio gir. Det betyr blant anna at du som lyttar kan vere med å forme sendingane medan dei blir sendt, til dømes med innspel på e-post. Og sidan vi kjem til å sende via nettet, vil vi nå akkurat like langt ut i verda som vi gjer i dag med podkastane våre. Programma vil då få faste sendetider, både på direkten og i reprise. Planen vår er òg å byrje å spele all “vanleg” musikk, altså musikk gitt ut kommersielt på plater, noko vi ikkje kan gjere endå på grunn av TONO-avgifta. I tillegg vil vi klippe saman ting frå direktesendingane og lage små podkastar av det, som vi legg ut for nedlasting som no. Alle desse nye tankane skal vi snakke meir om i neste sending: 10. sending.