Namnet:
Mjonøy er som namnet seier, ei øy.
Det er elvane Klevastøylåi og Smørkleppåi som renn rundt øya.
Namnet tyder enten den tørre øya, eller den smale øya.
Bakgrunnen:
Alv Negarden frå Negarden i Smørklepp samla gamle hus frå området og sette dei opp på Mjonøy. Det byrja i 1959. Etter kvart vart det bygt eit bustadhus på staden og deretter eit vedfyrt steinomnbakeri, eldhus med resepsjon og sal av mat, ei vadmålstampe, og til slutt Alvstoga til bruk for grupper og andre som har trong for å varme seg ved peisvarmen når det er kaldt ute.
Innhaldet:
Mjonøy har tre høgstandardhytter, og ti med enkel standard. Vedfyrt steinomnbakeri, eldhus, kunstutstilling, handverk og gardsmatutsal.
Mjonøy er ei av tretten bedrifter som Innovasjon Norge har handplukka til ferie med vandring.